Ordliste
Dokument som blir laga og sendt ut av eit organ som er omfatta av språklova, og som ikkje er stila til enkeltadressatar.
Forkorting av alternativ og supplerande kommunikasjon. ASK er eit samleomgrep for alternative kommunikasjonsformer som kan brukast av personar som ikkje kan bruke tale eller norsk teiknspråk i direkte kommunikasjon med andre. ASK er ikkje omfatta av språklova.
Ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande.
Det norske skriftspråket (bokmål eller nynorsk) som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om.
Språk som blir brukt av offentlege styringsorgan og offentleg administrasjon.
Paragrafen som slår fast kva som er det overordna siktemålet med språklova (§ 1).
Tilrådingar om kva som skal til for å oppnå gode resultat. Mønsterpraksis for språkarbeid gjev eit grunnlag for å oppfylle krava i språklova.
Språkleg sedvane ein følger når ein lagar namn.
Språk som blir brukt som nasjonalt forvaltningsspråk, og som dermed er det språket alle må meistre for å kunne delta i demokratiet.
Minoritetsspråk er språk som blir snakka av mindre grupper i samfunnet. Nasjonale minoritetsspråk i Noreg er kvensk, romani og romanes. Brukarane av språka, kvener, taterar og romar, har langvarig tilknyting til Noreg, og språka deira er verna etter den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). Språklova pålegg Noreg eit spesielt ansvar for desse språka samanlikna med nyare minoritetsspråk i landet.
- Statsorgan
- Organ for kommune eller fylkeskommune og sjølvstendig rettssubjekt der kommune eller fylkeskommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet, eller direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet. Rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private, blir ikkje rekna som offentleg organ.
Offisielt vedtekne reglar for korleis ord skal skrivast og bøyast i norsk. Dei fremste kjeldene for desse reglane er Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Offisiell rettskriving omfattar også andre reglar, som reglar for teiknsetting og for bruk av stor og liten førebokstav
Enkeltperson eller privateigd verksemd.
Statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.
Overordna fellesspråk som held samfunnet saman og gjev ei felles tilhøyrsle. Eit samfunnsberande språk er i bruk på alle område og innanfor alle fag og sektorar i samfunnet.
Statsorgan med heile landet som tenestekrins.
Digital løysing som føreset at ein privatperson legg inn opplysningar og på den måten er eller kjem i kontakt med eit offentleg organ.
Person eller privateigd eller offentleg verksemd som er ei eiga juridisk eining, dvs. som har eigne rettar og plikter etter rettsreglane.
Organ for staten og sjølvstendig rettssubjekt der staten direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet, eller direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet. Rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private, blir ikkje rekna som statsorgan.
Kommunar og fylkeskommunar som har gjort vedtak om at dei skal vere språkleg nøytrale, og kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gjort språkvedtak.
Politikk som gjeld språk i Noreg, slik han er vedteken av Stortinget og formulert i styringsdokument som språklova, opplæringslova og språklovsproposisjonen Prop. 108 L (2019–2020).
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Språkrådet er administrativt underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og skal følge opp språkpolitikken på vegner av departementet.
Vedtak gjort av ein kommune eller fylkeskommune om kva språk (bokmål eller nynorsk) staten og fylkeskommunar skal bruke i all skriftleg kommunikasjon med dei. Vedtaket kan også vere at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.
Veksling mellom skriftspråk (nynorsk og bokmål) i allment tilgjengelege dokument frå eit statsorgan eller fylkeskommunalt organ.
Reglar for kor stor del av språket i allment tilgjengelege dokument frå eit statsorgan eller fylkeskommunalt organ som skal vere på kvart av skriftspråka (bokmål og nynorsk). Reglane finst i paragraf 14 i språklova.
Geografisk område som eit statsorgan yter tenester til.
Språk som blir brukt av eit urfolk, det vil seie den opphavlege befolkninga i ein region eller eit land. Etter språklova har samiske språk status som urfolksspråk i Noreg. Dei samiske språka i Noreg er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Desse språka er verna etter den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). Språklova pålegg Noreg eit spesielt ansvar for desse språka, og dei er jamstilte med norsk etter samelova kapittel 3.