Hopp til hovedinnhold

§ 22 Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, skal desse endringane gjerast i andre lover: 

1. I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal desse endringane gjerast: 

§ 2-5 overskrifta skal lyde:

Bokmål og nynorsk i grunnskolen 

§ 2-5 første ledd skal lyde:

Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som skriftleg hovudmål. 

§ 2-5 tredje ledd første punktum skal lyde:

Foreldra vel skriftspråket i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. 

§ 2-5 sjette ledd første punktum skal lyde:

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i både bokmål og nynorsk. 

§ 9-4 andre ledd andre punktum blir oppheva. Noverande andre ledd tredje punktum blir andre punktum. 

§ 9-4 tredje ledd skal lyde:

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka. 

§ 15-6 andre ledd skal lyde:

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje skriftspråk, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a, og krevje opplæring i kvensk eller finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2

2. I lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader skal § 11 første ledd lyde: 

Forvaltningslovenlov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv og språklova gjelder ikke for studentsamskipnadene. 

3. I lov 16. juni 2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda skal § 10 fjerde ledd lyde: 

Vedtak og beslutning etter første, annet og tredje ledd kan fattes av nemndleder.

Lenke til Lovdata
English version