1,1 milliardar, 1,1 gradar og liknande

Heiter det 1,1 milliardar eller 1,1 milliard? Enn når det er snakk om 2,5 eller to og ein halv slike? 

Svar

Det heiter valfritt 1,1 milliard/milliardar, og det heiter 1,2 milliardar. Det heiter 2,5 milliardar, men helst to og ein halv milliard. Det same gjeld andre tal, til dømes million, og dessutan grad og andre einingar. Merk: 0 grader/gradar!

Hovudregelen er: fleirtal etter desimaluttrykk, òg når verdien er under 1, til dømes 0,9 milliardar. Dessutan: 1,0 milliardar

Døme med millionar:

0,9 millionar

1 million

1,0 millionar

1,1 million el. 1,1 millionar

1,2 millionar 

5,0 millionar

5,1 million el. 5,1 millionar

5,2 millionar

5,3 millionar

5,4 millionar

osv.

Legg merke til valfridomen ved desimalen 1 (i 0,1, 1,1, 2,1 osb.). Det er siste siffer i desimalen ein skal sjå på, òg i 0,21 osv.

Dei same reglane gjeld når det står noko føre eller etter: Dei utrekna 1,1 milliard(ar) / 1,2 milliardar kronene.

Spørsmålet vart teke opp av Norsk språknemnd i 1969. Språknemnda meinte at det burde vere fleirtalsform i alle tilfelle. I 1995 vedtok Norsk språkråd denne tilrådinga: «Når tallet etter desimalkommaet er 1, kan en ha valgfritt entalls- eller flertallsform.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:15.04.2024