Å finnast – finst – fanst – har funnest

På radioen høyrer eg ofte reporterar som seier «det finnast». Det kan vel ikkje vere rett?

Svar

Nei, det heiter ikkje «det finnast» på nynorsk, så sant det ikkje står eit hjelpeverb som skal, må eller kan framanfor. Det er heller ikkje noko som heiter «finnast det».

Det heiter «det finst» og «finst det». Vidare: «Eg/du/han/ho/vi/me/de/dei finst».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.06.2021 | Oppdatert:18.04.2024