Aksent i «dét?»
Kan ein ha akutt aksent i «det», når ordet er ordet er brukt trykksterkt? Til dømes: «Eg vil ikkje nett seie dét.» Eller er det då betre å kursivere eller liknande?
Svar
Det er greitt å bruke aksent slik. Kursiv er òg mogleg, men du bør ikkje kombinere verkemidla.
Dersom det er uråd å lese «det» utan trykk i samanhengen, eller trykket ikkje påverkar meininga med ytringa, er markeringa nokså unødvendig. Døme: «Det var jo akkurat det eg sa.» Her spelar det ikkje store rolla kvar trykket fell.