Akvitania, Aquitania eller Aquitaine?

Eg lurer på kva som er rett skrivemåte for namnet på eit historisk område i Frankrike: Heiter det Akvitania, Aquitania eller Aquitaine på norsk? Området femnde ein gong heile Sørvest-Frankrike, og det fell ikkje heilt saman med den franske regionen som i dag heiter Aquitaine.

Svar

Skriv gjerne Akvitania.

Ein finn ikkje noko slikt historisk landskapsnamn på alfabetisk plass på nettsidene våre.

Men under E står det historiske dronningnamnet «Eleonore av Akvitania», så du kan trygt skrive Akvitania.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024