Amish eller amisk?

Eg skal omsetje ein tekst om kyrkjesamfunnet som på engelsk heiter «The Amish». Kan eg skrive amisk, eller skal eg halde på Amish også på norsk?

Svar

Dette kyrkjesamfunnet er i dag eit amerikansk fenomen. Den engelske skrivemåten er så innarbeidd at vi vil rå deg til å skrive amish-folket, amish-gudsteneste osv.

Det er ikkje noko prinsipielt i vegen for å fornorske ordet til amisk, men amish gjev nok mindre rom for mistyding. Merk at det må det vere liten forbokstav i amish på norsk.

Engelsk Amish kjem frå tysk amisch, som er avleidd av namnet til den sveitsiske predikanten Jacob Ammann. Ammann verka på slutten av 1600-talet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.09.2017 | Oppdatert:19.04.2024