«Anmeldelse» til politiet på nynorsk

Eg er nyutdanna politi, men i denne etaten er lite tilpassa ein nynorskbrukar. Særleg vanskeleg er det å handtere ordet anmeldelse når eg skal skrive nynorsk. Eg synest ikkje melding fungerer.

Svar

Vi er så vane med anmeldelse at både melding og politimelding kan verke rart. Men melding er rett.

Vi seier jo like gjerne «melde nokon (til politiet)» som «anmelde nokon …», og på folkemunne heiter «levere anmeldelse» gjerne «melde [det] til politiet». Reint teknisk er det òg beint fram ei melding det er tale om. Anmeldelse er ikkje noko anna enn at politiet blir gjort kjent med saka. Ein politimann som er kjend med ei sak, skriv difor ikkje anmeldelse om saka, men ein rapport, seier Karl Arne Utgård i Juridisk og administrativ ordliste.

Melding er slik sett i prinsippet patent, altså i orden. Men eit ord skal helst òg vere kurant, altså i omlaup og innarbeidd. Det kan melding berre bli om politiet nyttar meir nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:17.04.2024