Baluba

Kva er opphavet til ordet baluba brukt om oppstyr og leven?

Svar

I Tanums store rettskrivningsordbok står det at baluba er namnet på ein afrikansk stamme. Det dreier seg om luba-folket i Den demokratiske republikken Kongo.

I byrjinga av 1960-åra var media fulle av nytt om stridane i Kongo (frå 1965 «Zaïre»). Størst inntrykk gjorde det kan henda då FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld i 1961 døydde i ein flystyrt i Kongo under mystiske omstende.

Mykje av striden dreidde seg om provinsen Katanga, der luba-folket stod sterkt, eller «baluba-stammene», som det gjerne heitte i avisene. Då ni irske FN-soldatar vart drepne av «balubaer», gjekk baluba eller balooba inn i irsk-engelsk slang som skjellsord. I tillegg fekk engelsk ordlaget to go balubas. Balubas finst òg i svensk i ymse tydingar (m.a. rampunge), men verkeleg «vill» eller «full baluba» er norsk truleg åleine om.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.08.2017 | Oppdatert:18.04.2024