Bånnski!

Kva er opphavet til uttrykket bånnski?

Svar

Bånnski er ein særnorsk, liksomrussisk variant av skåling. Det svarar til engelsk bottoms up. Ordet består av bånn (botn) + det «russiske» suffikset -ski utan noko spesielt meiningsinnhald.

Tone Tryti har ei god framstilling av emnet hybridrussisk, eller «makaronisk russisk», i boka Norsk slang (1984).

Bånnski er typisk slang frå andre verdskrigen og tidleg etterkrigstid. Den fyrste som sette ordet på prent, var truleg André Bjerke i Nattmennesket frå 1941 (utan nokon russisk kontekst). Det nest eldste dømet i den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket (på nb.no) er frå ei drikkevise frå krigen:

Bjarne Berulfsen meinte at uttrykket skreiv seg frå mellomkrigstida, og det kan godt hende.

Bånnski er ikkje normert. Hadde det vore eit tradisjonsord i norsk, kunne det ha heitt bonski (med konsonantforenkling). Men i slangen godtek ein av og til overtydelege former som skil seg frå rettskrivinga elles; vi ser det allereie i bånn, som er tillate i visse uttrykk i bokmål.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.08.2017 | Oppdatert:17.04.2024