Bebyggelse og bebygd eiendom

Kva skal ein nytta på nynorsk for det som på bokmål heiter bebyggelse? Kva med samansetningar som industribebyggelse, tettbebyggelse og bebyggelsesplan?

Enn verbet å bebygge? Kva heiter «et bebygd område» på nynorsk?

 

Svar

Det spørst kva tydinga er. Bebyggelse er grovt sett anten bygningar eller utbygging. Å bebygge et område er i utgangspunktet berre å byggja på det, eller å byggja det ut.

Utbygging

Dersom det er tale om byggjeverksemd, kan ein ofte nytta utbygging. Gjeld det noko meir spesifikt, kan ein gjerne velja eit meir spesifikt ord,  til dømes husbygging eller bustadbygging.

Bygningar

Når bebyggelse tyder 'hus, bygningar', kan ein beint fram nytta hus eller bygningar. Dersom det gjeld noko meir spesifikt, nyttar ein helst ordet for nett det, til dømes bustader, bustadområde, busetnad, bygd, (tett)grend, husklyngje, tettbygd område, villastrok.

Samansetningar må vurderast for seg. Industribebyggelse kan vera (område med) industribygg, og blokkbebyggelse kan vera område med blokker. Tettbebyggelse er ofte tettbygd strok.

Bebyggelsesplan

I plan- og bygningslova stod det tidlegare i § 28‑2:

Med bebyggelsesplan forstås i loven en plan vedtatt av det faste utvalget for plansaker selv, og som fastlegger arealbruk og utforming av bygninger, anlegg og tilhørende utearealer innenfor et nærmere avgrenset område hvor det etter arealdelen av kommuneplan eller reguleringsplan er stilt krav om slik plan som grunnlag for utbygging.

Det tilrådde nynorskordet var utbyggingsplan, og Miljøverndepartementet har nytta det sidan 1986. Dette ordet har fleire bruksområde (t.d. i samband med utbygging av vassdrag). Somme har visst nytta ordet byggjeplan.

Merk at den nye plan- og bygningslova frå 2009 har skift ut bebyggelsesplan med reguleringsplan med detaljregulering.

Bebyggelig og bebygd (eller ubebygd) område

«Et bebyggelig område» er eit område det kan byggjast på. «Et bebygd område» er eit det står bygningar på. Men påbygd kan mistydast (jf. påbygg). Utbygd område skulle fungera i mange samanhengar.

Særleg før i tida heitte det òg at eit område var byggjande (= bebyggelig) eller at det var bygd (= bebygd). Vi kan framleis godt skriva om tettbygde og ubygde strok.

Ein gong var substantiva bygd og ubygd (bygder og ubygder) langt på veg dekkjande for dei to slags område, men slik er det ikkje lenger.

Eit anna ordlag er å husa opp. Men ei opphusa tomt høyrer ein knapt om lenger.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024