Berberis, kornell og mogop – enkel eller dobbel konsonant?

Før vart berberiss skrive slik, med dobbel s. Men no ser eg i ei ordliste at ordet skal skrivast med enkel s, medan kornell får dobbel l og mogop får enkel p. Burde ikkje desse orda ha dobbelkonsonant til slutt, sidan den siste vokalen er stutt?

Svar

Skrivemåten av desse orda er regulert ut frå eit ortografisk hovudprinsipp: Det skal vere dobbelkonsonant etter kort trykktung vokal, slik som i kornell, men ikkje etter kort trykklett vokal, som i berberis og mogop.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.06.2021 | Oppdatert:18.04.2024