Berre eit simpelt spørsmål?

I det siste har eg høyrt unge menneske seia at noko er simpelt når dei meiner enkelt. Ikkje fortel meg at det simplaste ofte er det beste! Simpel er då det same som sjofel og tarveleg?

Svar

Denne bruken av ordet er både ganske ny og veldig gammal. Den nye bruken av simpel er nok resultat av engelskpåverknad – og han er tydelegvis eigna til å auka generasjonskløfta. 

På norsk har enkel lenge vore det vanlegaste ordet for det som heiter simple på engelsk. Difor heiter det enkelt og greitt, ikkje simpelt og greitt. I eldre landsmål og dialekt heitte enkel gjerne einfelt og uvand (vand er ‘vanskeleg’).

Simpel er fyrst og fremst eit nedsetjande ord, nesten på line med sjofel. Men innimellom finn vi nøytrale uttrykk som simpelthen (= ganske enkelt), simpelt fleirtal og di simple plikt. Det er restar av ein eldre tilstand der simpel beint fram tydde enkel. Hadde dei unge reist 150 år attende i tida, ville dei (tilfeldigvis) blitt rett forstått akkurat med dette ordet!

Det Norske Akademis ordbok får godt fram det historiske biletet, for her står den moderne (nedsetjande) hovudtydinga sist.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.02.2022 | Oppdatert:19.04.2024