Blanding av eller blanding mellom?

Heiter det blanding av A og B eller blanding mellom A og B?

Svar

Det heiter stort sett blanding av A og B på både nynorsk og bokmål.

Blanding mellom har blitt brukt litt i tydinga krysning mellom (dvs. resultatet av kryssing, altså paring av ulike slag), men vi kan sjå bort frå denne varianten. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.12.2022 | Oppdatert:27.05.2024