Bør landsmøtet og årsmøtet skrivast med stor forbokstav?

Når ein skriv om tilskipingane landsmøte og årsmøte, er det opplagt at ein skal nytte liten forbokstav: på landsmøtetpå årsmøtet. Men kva når ein viser til organa, som i landsmøtet vedtok, årsmøtet vedtok?

Svar

Det er ingen grunn til å bruke stor forbokstav her, sjølv om det er ein tydingsnyanse.

Dessutan er det ofte vanskeleg å avgjere om det er tilskipinga eller organet ein omtalar i ei setning.

Styre og andre organ i ein organisasjon skal generelt ha liten forbokstav: landsstyret, sentralstyret osb.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.11.2021 | Oppdatert:17.04.2024