Brillefin

Eg lurer på opphavet til adjektivet brillefin.

Svar

Vi har diverre ingen sikre opplysningar om opphavet til ordet brillefin, som tyderglimrande, framfrå’. Dersom du ikkje er glad i mysterium, bør du ikkje lesa lenger.

Det som er nokså sikkert, er at ordet brillefin har opphav i slang (jf. denne slangordboka frå 1952). Både brillefin og brillefint vart nytta i ei omsetjing av pressemannen Chr. A.R. Christensen frå 1930. Det fengde snøgt og vart brukt i ei heil rekkje bøker i 1930-åra. Det eldste dømet vi finn er frå 1926

Somme har meint at brillefin heng saman med brilledukat, ein gammal dansk gullmynt (ein såkalla skodemynt eller medaljemynt). På den var det bilete av eit par briller. Men tidsspennet mellom dukaten og den nemnde omsetjinga er mistenkeleg stort. Elles er jo ordet briller utvikla av beryllium, som òg har gitt opphav til beryll, som er ein edelstein (før òg skrive beril). Her kan det vera ein samanheng, men det er tvilsamt. Eit endå meir tvilsamt spor går i retning hårolja brillantine, og eit anna til den minste skrifttypen, brilliant.

Ei kopling til adjektivet briljant er likevel ikkje utenkjeleg, jf. strålande og glimrande. I slang finst det jo kortvariantar som brill (av briljant; òg i engelsk) og glimm (av glimrande). Problemet er at dei er av nyare dato. Meir sannsynleg er det at vi har å gjera med tilsikta absurd ordlaging basert på meir motiverte samansetningar som hårfin og knivfin

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024