Dessverre eller desverre?

Er dessverre rett skrivemåte? Vi har sett at mange skriv ordet med éin s.

Svar

Ja, det rette er å skriva dessverre med to s-ar. Det gjeld både på nynorsk og på bokmål. Nynorsk har i tillegg forma diverre.

Kanskje det blir lettare å hugsa om ein veit kva dess er for noko?

Dess er opphavleg genitivsforma av det. Det er på ein måte det same som bokmål dets, men det blir brukt heilt annleis. Vi finn det i uttrykk som «dess fleire kokkar, dess meir søl» og i «vent til dess» (= vent til det (tidspunktet)). Ingen ville vel ha skrive des fleire?

Alle veit at det skal vera s i uttrykk som til skogs og til fjells, altså i substantiv som står etter preposisjonen til. Uttrykket til dess er av same slag. Men føre forma dess har vi ikkje alltid noko til, så kvifor -s då? Kvifor dessverre?

Svaret er nok for spesielt interesserte:

Ein gong i tida nytta vi fast ei anna form av det, nemleg dativforma di, i samanlikningsuttrykk føre komparativ: «Di fleire kokkar, di meir søl.» «Di verre» (som vi no skriv i eitt), tyder eigentleg «verre enn det». 

Etter som kasusbøyinga gjekk ut av språket, tok genitivsformer som dess (som opphavleg hadde ein annan  funksjon) i visse tilfelle over for dativformer som di. Det skjedde med diverre (men ikkje t.d. med fordi).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:15.04.2024