Eg lev ikkje, eg lever

Mange skriv lev i presens på nynorsk. Kan det verkeleg vere rett?

Svar

Nei, det heiter eg lever, du lever, dei lever og så vidare.

Særskilt interesserte kan lese meir om bakgrunnen nedanfor.

Sterke og svake verb

Lever er presensforma til eit svakt verb. Svake verb har to stavingar i både presens og preteritum:

å leve – ²leverlevde 

Dette stemmer med dei fleste dialektane rundt i landet. Merk at lever i nynorsk tradisjonelt blir uttalt med tostavingstonelag (tonem 2), altså som ²bønner, ikkje som ¹bønder. (Tonema er markerte med heva tal.) Tonelaget i lever er altså det same som i infinitiv å ²leve.

Sterke verb har på nynorsk éi staving både i presens og preteritum:

å lese – leslas
å ete – etåt 

Bokmål har ingen skilnad i presens i skrift. Presens har to stavingar anten verbet er svakt eller sterkt:

å lever – ¹lever – levde
å lese – ¹leser – leste
å lete – ¹eter – åt

Men som du ser, har bokmål likevel einstavingstonelag (tonem 1) i alle presensformene ovanfor. I historisk sett heilt svake verb, som å lesse og å gjete, har presens derimot tonem 2 (lesse – ²lesser – lesstegjete – ²gjeter – gjette).
 
På bokmål kan ein altså ikkje sjå på ei presensform om verbet er sterkt eller svakt. Ein kan berre til ein viss grad høyre det. Einstavingstonelag (tonem 1) er vanlegast i sterke verb. (Grunnen er at desse verba ein gong i tida har hatt éi staving i presens.) Men dersom ein alltid omset presensformer som har tonem 1 på bokmål, til einstavingsformer på nynorsk, blir det av og til gale.
 
Som vi har sett, har talt bokmål nemleg «sterkverbstonelaget» tonem 1 i presens av mange svake verb (ord med to stavingar i preteritum). Til dømes er det mange som seier ¹maler i presens både om det kattar og kvernar gjer (jf. det sterke verbet å male – mel – mol på nynorsk), og om det handverkarar og kunstmålarar gjer (jf. det svake verbet å måle – ²målar – måla). Å skrive eg lev er altså som å skrive eg mål. Begge delar er gale, for begge verba er svake. 
 
Hadde ein på bokmål uttalt jeg lever som andre svake verb (med tostavingstonelag som i jeg ²hever og jeg ²bever), ville vi ikkje så ofte sett eg lev på nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.07.2022 | Oppdatert:24.05.2024