Ein forelder?

Kan ein seie ein forelder, eller er dette berre eit fleirtalsord?

Svar

Du kan seie og skrive ein forelder dersom til dømes «ein av foreldra» eller «ei mor eller ein far» fell tungt.

Forma forelder er nokså ny. Språkrådet vedtok henne i 1974, noko inspirert av at svenskane hadde teke i bruk en förälder. Det tok tid før denne eintalsforma vart innarbeidd i norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2017 | Oppdatert:24.04.2024