Einkvar og eitkvart?

Kva skal ein skriva i staden for enhver, ethvert og noen og enhver på nynorsk?

Svar

Bruk i alle fall ikkje einkvar eller eitkvart. Einkvar finst ikkje i nynorsk i denne tydinga, og eitkvart tyder noko heilt anna.

Der du ville ha brukt enhver og ethvert på bokmål, må du velje mellom desse orda og uttrykka:

alle
kvar (einaste)
kvar og ein
kven som helst

Her er noko for kvar smak (altså ikkje *einkvar) til kvar tid (ikkje *eikvar).

Einkvan/eitkvart er noko anna!

Det er noko som heiter einkvan, men det betyr noko heilt anna, nemleg ‘ein eller annan’. Eitkvart = ‘eit eller anna’ og eikor = ‘ei eller anna’. (Somme stader har ein rett nok sagt einkvar for einkvan, men ein bør ikkje bruka den forma i skriftmålet.)

Nokon (og) kvar, ikkje nokon og einkvar

Noen og enhver bør du helst ikkje skriva på bokmål heller. Her har vi nok ei gammal samanblanding med alle og enhver. Det heiter helst noen hver eller noen og hver. På nynorsk: nokon kvar eller nokon og kvar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024