Energi, strategi og giro: uttale

Ordet energi blir uttalt både /energi/ og /enersji/. Strategi har òg to uttalar, men det heiter berre /sjiro/ for giro. Kva er rettast?

Svar

Det finst ingen offisielle reglar her, men Språkrådet tilrår den bokstavrette uttalen, altså /energi/ og /strategi/. Giro kan likevel berre heite /sjiro/ på norsk.

Bokstavrett uttale av substantiva energi og strategi er i alle fall eit enklare utgangspunkt i norskundervisninga, for dei avleidde adjektiva energisk og strategisk blir alltid uttalte med /g/.

Rådet om g-uttale i energi gjeld særleg i fysikksamanheng. I tydinga ‘persons arbeidsevne og arbeidskraft’ er det relativt vanlegare med /enersji/. Nokre ordbøker skil mellom /energi/ i den fyrste tydinga og valfritt /energi/ eller /enersji/ i den andre.

I Bjarne Berulfsens Norsk uttaleordbok (1969) er energi og strategi med g sett opp som «korrekt» uttale. Den same uttalen finn vi i Norsk riksmålsordbok (1937). Dette kan ha vore rekna som den rettaste uttalen fordi orda opphavleg kjem frå frå gresk, der dei har g-lyd. Tysk og dansk har forresten òg g-uttale. Uttalen med sj-lyd har kome til Norden frå fransk og har vunne fram i Sverige. I dag har han òg stønad i engelsk, sidan dei fleste veit korleis energy skal uttalast.

Gjengs uttale av ordet giro er utan tvil /sjiro/. Ordet er lånt frå italiensk, der det har ein liknande uttale. (Det i siste instans greske opphavet blir her for fjernt til å spela noka rolle.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.08.2017 | Oppdatert:19.04.2024