Enhet på nynorsk

Kva ord skal eg bruka for enhet? Kan eg skriva einheit?

Svar

Du kan bruka eining eller einskap, men ikkje om einannan! Det spørst kva du har i tankane.

Einskap = unity

Når enhet betyr ‘samanheng, heilskap, samhald’, er einskap det rette («finna einskapen i mangfaldet», «fremja einskap mellom landa»).

Eining = unit

Når du siktar til enhet i tydinga ‘sjølvstendig del (av ein større heilskap)’ eller ‘grunnstorleik i eit målsystem’, heiter det eining på nynorsk («militære einingar», «produsera 100 einingar om dagen», «mynteininga er pund»).

Einheit = ?

Einheit står ikkje i Nynorskordboka, for eining og einskap er dei innarbeidde orda. Men om ein ikkje er interessert i å nyansera slik som i engelsk og tradisjonell nynorsk, kan ein saktens bruka ordet einheit i staden.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:15.04.2024