Enn så lenge

Har eg lov til å bruke uttrykket enn så lenge på norsk?

Svar

Du har lov, men du bør helst la vere. Vi har fått mange reaksjonar på bruken av uttrykket, og det finst gode og meir nyanserte alternativ som du gjerne kan velje i staden.

Enn så lenge er ei direkte omsetjing (eit omsetjingslån) frå svensk än så länge. Det kom for alvor inn i norsk i 1980-åra, og har etter kvart fått stor utbreiing, ikkje minst i avisspråket.

På nynorsk er det særleg verdt å nemne til no og førebels. På bokmål har vi til nå, foreløpig og hittil og inntil videre. (Bruk gjerne det enkle og greie til no/nå så langt det høver.)

I nektingar fungerer ofte enno (ikkje) best. Når det gjeld noko som held fram, er framleis (og bokmål fremdeles) gode alternativ. Av og til gjev førebels berre (bokmål foreløpig bare) den rette nyansen. Når ein verkeleg skal la det henge i lufta kor uvisst noko er, kan ein framleis seia så lenge det varer. (Ein nokså ny skikk er å bruke fortsatt i staden for alle dei andre orda. I nynorsk er dét direkte gale.)

Grafane nedanfor viser relativ frekvens over tid for ein del av dei nemnde uttrykka i tekstressursane til Nasjonalbiblioteket (avissøk).

Grafen til «enn så lenge» ser slak ut ovanfor, men isolert ser han slik ut:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024