Ettersom, etter som og alt etter som

Kva er rett av ettersom i eitt ord og etter som i to ord? Kva med alt etter som?

Svar

Både ettersom og etter som er rett, men tydinga er ulik. Stutt sagt er ettersom ‘fordi’ og etter som ‘etter kvart som’.

Meir utbrodert:

ettersom = sidan, fordi: ettersom det er fredag, har vi fri i morgon

etter som 1 alt etter (s)om, avhengig av om: dei var ute eller inne etter som det var dårleg eller godt vêr

etter som 2 etter det som, i samsvar med det som: etter som dei fortel, er han bra no

etter som 3 (tidstyding) etter kvart som: han åt opp bæra etter som han fann dei

Frasen alt etter som knyter seg til tyding 1 ovanfor, difor skal han skrivast i tre ord.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024