Fleire hjelpemiddel og lækjemiddel

På mange statlege nettsider kan ein lese om lækjemidlar og hjelpemidlar. Det må vel vere gale? 

Svar

Ja, det er gale. Det rette er fleire hjelpemiddel og fleire lækjemiddel

Inkjekjønnsordet middel heiter middel i fleirtal: eit middelfleire middel, nett som eit husfleire hus. Vi får:

eit hjelpemiddel – hjelpemiddelet – fleire hjelpemiddel – alle hjelpemidla
eit lækjemiddel – lækjemiddelet – fleire lækjemiddel – alle lækjemidla

Ord som (eit) middel ikkje må forvekslast med 

Det finst to hankjønnsord som minner om inkjekjønnsordet middel

Det eine er (ein) midel ‘kapital, formue’. I fleirtal tyder det ‘pengar’. Rett nok kan midlar (pengar) vere nyttige middel, men ein må ikkje blande saman orda.

Det andre er middel ‘gjennomsnitt; middeltal’, som sjeldan blir bøygt med artiklar. Det er det ordet vi har i den gamle genitiven middels. Før heitte det helst medel og medels i nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2022 | Oppdatert:18.04.2024