Forkorting av «månad» og «månader»

Kva er rett forkorting av månad? Er det ikkje «mnd.»? Og kva blir forkortinga av fleirtalsforma månader?

Svar

Rett forkorting av månad og månader er «md.».

Forkortinga «mnd.» har vore i bruk tidlegare, men etter dagens offisielle skrivereglar skal forkortinga vere «md.». Den gjeld både for eintals- og fleirtalsforma.

Sjå òg denne lista over forkortingar og symbol i allmennspråket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:22.04.2024