Fukk!

Er ordet fuck eigentleg norsk? Eg las nett ein artikkel i avisa der det står at «det norrøne fokka kan bety både ‘ha sex’ og ‘ødelegge’».

Svar

Engelsk kan ha fått ordet frå gammalnorsk i si tid, men det hadde nok ikkje den påståtte dobbeltydinga den gongen. Dessutan heitte det at fukka med -u- (som rett nok hadde o-uttale). 

Det nedarva norske ordet heldt seg lengst i Hordaland, Telemark og Vestfold, som å fukka/fukke (helst uttalt med trong ó). Tydinga var mellom anna å ha sex, truleg med støytinga eller skuvinga att og fram i fokus (jf. å jukka). 

Slang-bruken av ordet fuck med ø-, a- og å-uttale og valdelege attåttydingar (jf. to fuck up) er noko nytt som vi har frå engelsk. (På Voss kunne uttrykket det fukkar seg tyda at det lagar (= ordnar) seg; det var altså snarare eit plussord enn eit ord for skade og øydelegging.)

I islandsk er interjeksjonen «fokk!» innlånt frå engelsk fuck i åttiåra og har spreidd seg kraftig. Der òg fanst eit eldre verb med fleire tydingar frå før (fokka ‘pusla; slenga’ o.a.). Det gamle ordet kan ha hatt band til fukka, men etymologien er uviss, og ordet var innlånt etter norrøn tid.

Sjå elles under Aktuelt ord på nettsidene våre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024