Gjenboer på nynorsk

Eg arbeider med planarbeid og har føre meg setninga «Naboar og gjenbuarar vert varsla direkte». Gjenbuar kling ikkje godt på nynorsk. Finst det betre ord?

Svar

Ordet gjenbuar har tradisjonelt ikkje vore godteke i nynorsk og er ikkje teke inn i Nynorskordboka (per oktober 2018). Men du kan velja mellom motbuar eller tverrbuar og gjenbuar.

I din samanheng vil kanskje naboar eller grannar dekkja både dei som bur ved sida, og «gjenboerne», altså dei som bur tvers over vegen?

Her er utdrag frå Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord:

gjenbo(er) tverrbuar, motbuar // leiligheter som har fri beliggenhet og er uten gjenboere husvære som ligg fritt til og ikkje har naboar (grannar) på hi sida av gangen (korridoren, gata, vegen) / som ikkje har tverrbuande grannar

Gjenbuar er så mykje brukt at det ikkje er råd å gå imot ordet. Det bør nok inn i Nynorskordboka. Men det er òg greitt å velja motbuar eller jamvel tverrbuar. (Somme er så redde for ordet tverr at dei ikkje eingong vil bruka eit ord som tverrfagleg, men det bør ikkje vega tungt. Tanken på tverre naboar bør ikkje vera ei større komisk hindring enn gjengangar eller gjenverande er for gjenbuarar.)

Merk at somme kan stussa over ein kombinasjon som tverrbuarar og naboar. Tverrbuar kling så tradisjonelt at ein ventar grannar etterpå. Brukar ein fyrst nabo for granne, kan ein like gjerne skriva gjenbuar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024