Grammatisk kjønn på lånord

Finst det nokon regel om kva grammatisk kjønn lånord får? Kvifor seier vi eit raid, men ein cowboy? Og kvifor er det så få (om nokon) lånord med hokjønnsbøying?

Svar

Dei fleste lånord får automatisk hankjønn, men det finst unntak.

Når vi tar nye ord inn i norsk, kan dei få same kjønn som eksisterande ord som dei liknar på, altså ord dei har mykje sams med i uttale eller tyding. Til dømes er det sannsynleg at raid er blitt assosiert med ord som overfall og åtak og derfor har fått inkjekjønn.

Trykklett -e gir hokjønn

Mange lånord som endar på trykklett -e får hokjønn, særleg i talespråket. Kantine kan ifølgje ordbøkene vere anten han- eller hokjønn, medan vaksine berre står oppført som hankjønnsord. (Hos mange språkbrukarar er vaksine hokjønn.).

Kjønn i opphavsspråket kan ha noko å seie

I ein del tilfelle har det spela ei rolle kva kjønn ordet har i opphavsspråket. Dette gjeld til dømes gevær (inkjekjønn, frå tysk) og mitraljøse (hokjønn, frå fransk). Det at norsk tradisjonelt har fått mange lånord gjennom dansk, som ikkje har hokjønn, er nok ein av grunnane til hankjønnsdominansen.

Det står meir om dette emnet mellom anna i Norsk referansegrammatikk (Faarlund, Lie og Vannebo 1997).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024