Ha det eller hade?

Mange brukar «Hade» som avskilshelsing, og somme hevdar at dette no er rekna som korrekt på nettet. Stemmer det?

Svar

Nei, ein må skrive «Ha det!» i to ord om det skal vere innanfor rettskrivinga.

Dette er jo ei forkorting av uttrykket «Ha det bra!» eller «Ha det godt!». Det blir ikkje rettare med «Hade!» berre fordi ein skriv på nettet. Folk kan sjølvsagt fritt velje å bryte med rettskrivinga, men det er ei anna sak. Då bør dei for konsekvensens skuld òg skrive «Hade bra!» og «Hade på bade!».

«Hadet!» er òg gale, berre så det er nemnt. Dei som skriv «Hadet!», bør altså vurdere å ta det (ikkje «tadet») litt med ro i svingane.

(Tillegg: Somme skriv og klagar på at Språkrådet nyttar ord som rett og gale om skrivemåtar, for privatpersonar kan jo skriva som dei vil. Slik sett finst ikke rett og gale. Men denne klaga byggjer ikkje på heilt rette premissar. Vi har noko som heiter rettskriving (ortografi), og den er det Språkrådet som forvaltar. Når vi nyttar ord som rett, korrekt, feil og gale, må ein forstå dei i den samanhengen. Rettskrivinga skal brukast i skulen og i statstenesta og er elles eit tilbod til alle språkbrukarar.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2021 | Oppdatert:24.04.2024