Hamster

Vi sit og diskuterer om det heiter ein hamster eller eit hamster? Kan de avgjera saka? Kjem forresten hamster av å hamstra eller omvendt?

Svar

Svaret er ein hamster – den hamsteren. Og substantivet ligg til grunn for verbet.

I den digitale boksamlinga til Nasjonalbiblioteket (bokhylla.no) leiter vi (våren 2017) nesten fåfengt etter eit hamster før Elin Brodins roman Skade frå 1994. Men kryr av hamstrar i hankjønn både lenge etter og over hundre år attende. Det fyrste sikre «hamsteret» i avisspaltene finn vi i Asker og Bærum Budstikke i 1984.

Hamstermarsjen

«Hamsteret» er på frammarsj for tida. Mykje tyder på at det er born som har gjort hamsteren til eit inkjekjønnsdyr. Simon Flem Devold undra seg i Aftenposten 4.5.2002 over at så mange skreiv til han om «hamsteret sitt». Når ein søkjer etter dyret på norske nettsider no (2017), finn ein lett 20–30 % inkjekjønn.

Hamsteren blir dermed meir språkleg jamstilt med marsvinet, ekornet/ikornet og lemenet. Somme meiner at noko av grunnen til språkendringa er at hamster minner om monster bakfrå (sjølve ordet, altså, jamfør -ster). (Noko liknande kan forresten ha skjedd med lemen, som ein gong i tida var eit hankjønnsord (*lemende), men vart omtolka til eit nøytralt ende-ord på line med til dømes eit levende ‘levande skapning’.)

Verbet

Hamster er kome inn i norsk via tysk og stammar visst frå slovensk eller eit anna slavisk språk. Det er substantivet hamster (tysk Hamster) som er utgangspunktet, og verbet hamstre (tysk hamstern) kjem av dét. Ei avleiing av verbet er substantivet (ein) hamstrar (tysk Hamsterer), altså ein som hamstrar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024