Klare brasane

Kvifor heiter det å klare brasane om å overvinne vanskar?

Svar

Brasar er tau til å stille råsegl (skværsegl) etter vinden med. 

Det går éin bras ned frå enden av råa (rånokken) på kvar side. Råa er den stokken som eit råsegl heng ned frå.

Ordet bras kjem via nederlandsk frå fransk (i fransk tyder det ‘arm’). Dansk har òg ordet bras, men ikkje ordlaget klare brasane. I gamle dagar heitte det vel så gjerne å greie brasane (bokmål greie brasene, før: greie braserne).

I konkret tyding kan greie vere å få orden på, gjere klar til bruk (jf. å greie eit garn). Å klare kan i sjømannspråk vere det same (t.d. å klare tau som vikla seg inn i noko). I vanleg tyding er klare og greie det same.

I Roald Amundens bok Sydpolen (1912) finn vi ordet brukt i både konkret og overført tyding. Merk at Amundsen skriv greie.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.10.2017 | Oppdatert:19.04.2024