Korrigent

Kan eg bruke korrigent om ein person som korrigerer noko – slik ein dirigent dirigerer?

Svar

Reint grammatisk er ordet heilt i orden, men det er ikkje ein del av norsk ordtilfang enno. 

Ein finn nokre få døme på dette ordet på norske nettsider, men det kan ikkje seiast å vere etablert i norsk.

Du nemner ikkje noko om bruksområdet. Kva vil til dømes vere skilnaden på ein korrigent og ein rettar, som er eit etablert ord?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.08.2017 | Oppdatert:18.04.2024