Kritthuset

Kva er det å koma i kritthuset? Det høyrest som eit fint og skrøpeleg byggverk?

Svar

Eit krithus (med éin t på nynorsk) er ikkje noko byggverk, men eit lite «hus» à la brillehus. I norske dialektar har det vore mykje nytta om små smykkeskrin.

Ordbog over det danske Sprog (ODS) har denne definisjonen:

lille cylindrisk (blik)bøsse, delt ved en bund i midten i to med laag lukkede rum, hvoraf det ene anvendtes til opbevaring af kridt til regnskabsføring (smaagenstande til erindring m. m.), det andet til smaapenge. (endnu anv. i slutn. af 19. aarh. som pengepung af kvinder paa landet)

Å koma eller vera i krithuset hjå nokon er å stå høgt i kurs hjå dei. ODS seier det slik:

(egl.: kunne raade over ens pengemidler ell. (snarere) være i ens erindring (idet en erindring om en opbevaredes i vedk.'s kridthus); dagl.) være i ens gunst; være meget yndet af en; have en høj stjerne hos en.

Krita i krithuset vart nytta til å føra rekneskap med, så det å kjøpa noko på krita (kreditt) er litt i slekt med å vera i krithuset, men det er ikkje fullt så bra for den det gjeld.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024