Lunch, lunsj eller lønsj?

Nokon hevdar at stavemåtane lunsj og lunch er jamstilte. Men dette er vel ikkje korrekt? Og kvifor skriv vi ikkje beint fram lønsj? Ein kan jo til og med skriva sørvis for service!

Svar

Den rette stavemåten er lunsj, både på nynorsk og på bokmål.

Lunsj er den einaste oppførte forma i Krogsrud og Seips ordliste for riksmål alt i 1919. Skrivemåten vart truleg fastsett ved rettskrivinga av 1917. (Ordet er nemnt berre i nynorskdelen av rettskrivingsdokumentet, men vedtaket galdt sikkert begge målformene.)

Uttalen

Uttaleordbøker tyder på at både /lunsj/ og /lønsj/ var i bruk i talemålet på den tida. Ein har truleg rekna med at /lunsj/ ville vinna, og /ø/ verka nok i alle fall for radikalt. Det er nemleg ikkje alle lydfølgjer ein har vilja ha i norsk rettskriving. Eit anna døme på det er /æsj/ i engelske lånord, jamfør at vi framleis skal skrive krasje endå svært mange seier /kræsje/. Men lydsambandet /unsj/ hadde ein frå før, i det minste i punsj. I nynorsk hadde ein rett nok også /ønsj/, men då knytt til heilt andre slags ord, som ønskje (som dessutan vart skrive ynskje). 

Inkonsekvensar

I dag er den vanlege uttalen /lønsj/, så skrivemåten er berre delvis lydrett. Det same gjeld brunsj, som er eit nyare innlån. Her har ein valt å byggje på skrivemåten av lunsj, som jo er godt innarbeidd, og som brunsj er laga av. Dette står i kontrast til andre nyinnlånte ord, til dømes punkar/pønkar, som har valfri skrivemåte.

Rettskrivinga kan aldri bli heilt konsekvent. Det er ingen planar om å ta skrivemåten lønsj inn i rettskrivinga no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024