Det mest morosame ordet og det styggaste ordet?

Kva er det mest morosame ordet i norsk, og kva er det styggaste ordet?



Svar

Det finst kanskje eit statistisk svar, men ikkje eit objektivt svar, for humoren er som kjent like delt som smaken elles.

No er stygg eit fleirtydig ord i denne samanhengen. Det kan mellom anna tyde ‘med stygg uttale’ (t.d. med konsonantopphoping, som ein jo kan mislike) eller ‘med stygg utsjånad’, kva no det måtte gå ut på. Men ikkje minst kan det tyde ‘som viser til noko ein helst ikkje bør tale om’.

I det siste tilfellet kunne det vere eit banneord, eit skjellsord, eit obskønt ord (henta frå kjønnslivet) eller anna som var i søkjelyset, men her òg har folk ulike kjensler og grenser, så det er uråd å gje noko objektivt svar.

Det er sikkert gjort mange fleire små undersøkingar av dette, kanskje med kåringar i aviser eller på nettet, men det er grunn til å vera skeptisk til resultata, mellom anna på grunn av aldersskilnader og dialektskilnader.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024