Milepæl og milepælssamtale på nynorsk

I seniorpolitikken vår nyttar vi omgrepet «milepælsamtale». Finst det eit omgrep med same meiningsinnhald på nynorsk?

Svar

Nyleg vart ordet milepæl teke inn i Nynorskordboka, men dei som held seg til traust og tradisjonell nynorsk, skriv påle i staden for pæl og vil nok skriva noko anna enn milepæl. Tradisjonelt heiter det helst milestolpe eller milestein på nynorsk.

Kva skal ein kalla milepælssamtale om ein held seg til det tradisjonelle? Milestolpe er det vanlegaste ordet for milepæl, men samansetjinga milesteinssamtale er meir praktisk enn milestolpesamtale.

Utdjuping

Pæl heiter altså helst påle på nynorsk og i tradisjonelt norsk talemål rundt omkring i landet. Pæl vart offisielt godkjent fyrst i 1985, utan at milepæl vart teke med i rekninga. Milepælen kom inn i 2021. 

Det vanlegaste ordet for milepæl har vore milestolpe (ikkje milepåle). Det gjeld både i konkret og overført tyding. Her er det eldste trykte dømet: «Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti hever gjengit etter» (Ferdaminni fraa Sumaren 1860, av Aasmund Olavsson Vinje).

Milestolpar av stein (frå Kristian 5.s tid) har ein gjerne omtala nettopp som milesteinar

Ein eller to s-ar etter pæl?

Det bør heita milepælssamtale med to s-ar på begge skriftmål. Det vanlegaste er å skriva milepælsplan, ikkje milepælplan.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:29.05.2024