Mulm og mørke, brask og bram og liknande

Kva tyder mulm, brask og bram, og kva heiter uttrykk i mulm og mørke og med brask og bram? Eg tenkjer altså på faste uttrykk som inneheld mystiske og elles ukjende ord.

Svar

Dei blir gjerne kalla ordpar eller paruttrykk. Orda i paret er då parord. Men det kan trengast meir presise nemningar, sjå nedanfor.

Sjølve tydingane til dei unike parorda finn vi i Nynorskordboka:

brask (i tyding 1 innverknad frå lågtysk brasch ‘knaking, ståk’) 1 bråkande framferd: med brask og bram 2 kvister o l som lett brenn og sprakar i elden; skrap, skrot
bram (av bramme) med brask og bram byrg og brikjande framferd (Bokmålsordboka: støyende, overmodig oppførsel)
bramme verb (samanheng med brumme) sjå godt ut; falle i auga; brike; skryte
mulm (frå bm., av eldre dansk mul ‘mørke’) tett mørke: i mulm og mørke 

I slike uttrykk som du spør om, er det oftast to ord (eit par) som

  • ikkje kan byta plass,
  • tyder om lag det same (er synonyme),
  • gjerne har forbokstav (allitterasjon) eller andre samanbindande verkemiddel.

Andre døme enn dei du nemner, er: leita med lys og lykt, gå frå gard og grunn, missa munn og mæle, med hud og hår.

Somme har altså brukt ordpar nettopp om allittererande ordpar med synonymi, men dette ordet kan brukast i vidare tyding òg, så det er ikkje heilt presist. I dansk er nemninga sterke ordpar nytta noko, i engelsk er mellom anna termen binomials i bruk.

Når det eine ordet er eit kjent synonym for det andre eller er ugjennomsiktig, er ordparet pleonastisk (smør på flesk) eller tautologisk (a seier det same som b). Tydinga til det eine ordet er altså mindre viktig; hovudfunksjonen er å forsterka det andre ordet. Ein kunne snakka om pleonastiske eller tautologiske ordpar.

Men vi manglar framleis ei presis, innarbeidd nemning for dei mange uttrykka som attpåtil

  • inneheld «mystiske gamle ord» som er unike for uttrykket.

Ein kan nok kalle dei ordpar med eit unikt eller fossilt ord. På engelsk heiter sjølve dei unike elementa cranberry morphemes (fordi cran- ikkje har ei sjølvstendig tyding), og i dansk har stikkelsbærelement vore på tale. Følgjer vi denne tankegangen, kan vi lett tenkja oss nemningar murmelord og mulmuttrykk. Dei er passe mystiske i seg sjølv.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.04.2017 | Oppdatert:18.04.2024