Opphøgt gangfelt, opphøgd gangfelt

Kva heiter «opphøyd gangfelt» på nynorsk?

Svar

På nynorsk kan ein velje mellom opphøgd og opphøgt gangfelt.

På bokmål kan ein velje mellom opphøyd, opphøyet og opphøya gangfelt.

Verbet bøyer ein slik (skråstrek skil mellom valfrie former):

å høgje (opp) – høgjer (opp) – høgde (opp) – har høgt/høgd (opp)
partisipp: han/ho er opphøgd, det er opphøgt/-d, dei er opphøgde

Kombinasjonen -øgj- blir stort sett uttalt -øy-.

Høgje går altså i grunnen som pløye:

å pløye (opp) – pløyer (opp) – pløgde (opp) – har pløgt/pløgd (opp)

(Eldre nynorsk hadde å høgje – høgjer og å pløgje – pløgjer, altså g i heile bøyinga for å vise samanhengen med høg og plog.)

Somme vil gjerne skrive heva gangfelt, men fagtermen på bokmål er opphøyd, ikkje hevet (og i alle fall ikkje opphevet). Det er ingen grunn til at skriftspråka skal skilje heilt lag på dette punktet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.03.2023 | Oppdatert:19.05.2024