Ordtak eller fast uttrykk?

Er «å skjere alle over ein kam» eit ordtak, ordspråk eller fast uttrykk?

Svar

Det eit fast uttrykk. Dersom det hadde vore ei heil setning (med subjekt og verbal), kunne det ha vore eit ordtak, til dømes: «Ein skal ikkje skjere alle over ein kam».

Eit ordspråk er berre eit synonym for ordtak (jf. dansk ordsprog, norrønt orðtak).

Alle ordtak er faste uttrykk/frasar, men det finst mange faste uttrykk som ikkje er ordtak. Frasen «skjere alle over ein kam» er snarare eit munnhell enn eit ordtak.

Eit ordtak er ei fast vending, oftast ein påstand i form av ei setning, som uttrykkjer ei allmenn røynsle eller ein leveregel. Døme på ordtak er «Aust, vest, heime best» og «Ein skal ikkje skode hunden på håra». «Ein skal ikkje skjere alle over ein kam» og liknande formuleringar kan nok òg kallast ordtak.

For å fortena nemninga bør ordtak ha nokre år, for ikkje å seia generasjonar, på baken.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:18.04.2024