Oversvømmelse på nynorsk

Eg leiter etter det rette ordet for oversvømmelse på nynorsk. Det kan då ikkje heita oversvømming eller oversymjing? Somme snakkar om rare nynorskord, men kvifor heiter det eigentleg oversvømmelse?

Svar

Der ordet flaum ikkje dekkjer, heiter det overfløyming, ev. at noko står under vatn.

Flaum dekkjer flom, det at vatnet i elvar og sjøar stig og fløymer utover, men flaum har eit vidare bruksområde enn flom i bokmål. Det dekkjer i grunnen langt på veg oversvømmelse, men ein kan bruka overfløyming der ein meiner flaum ikkje strekk til.

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje vil nytta dei nemnde orda, er det betre at du skriv oversvømmelse enn *oversvømming.

Andre ord

Det at uttrykket å stå under vatn manglar eit tilhøyrande substantiv, har medverka til å fremja ordet oversvømmelse i norsk. Det har i neste omgang fått står under vatn – som har vore vanleg alle stader – til å vika for partisippet oversvømt.

Før i tida heitte det i nynorsk og mange dialektar gjerne at det flødde utover. Oversvømt kunne då heita overflødd, i alle fall utandørs. (Elles vart desse orda helst brukte når det handla om skjer, berg og anna i og langs sjøen.) Oversvømmelse kunne vera både flaum og fløde (med stum d).

Andre ord på området er dei enkle samansetningane overvatn (ikkje berre på is) og ovvatn (òg om stor vassføring og vatn som går over demningar).

Überschwemmen

Som du er inne på, kan svømming/symjing på nynorsk berre visa til ein aktivitet. Verbet oversvømme ‘fløyma utover, setja under vatn’ er opphavleg laga i dansk etter mønster av tysk überschwemmen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.09.2018 | Oppdatert:19.04.2024