Paragrafteikn og mellomrom

Skal det vere mellomrom mellom paragrafteiknet og talet etter? Er det med andre ord rett med «§17» eller med «§ 17»?

Svar

Det skal vere mellomrom mellom paragrafteiknet og talet. Skriv «§ 17».

Ein må sjå på teiknet som ein forkorta skrivemåte for ordet, og i formuleringa «paragraf sytten» ser ein straks at det må vere mellomrom.

Bruk hardt mellomrom, så skil ikkje teiknet og talet lag ved lineskifte.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024