Quiz i bøygd form

Korleis skriv ein quiz i bunden form eintal? Er det quizen eller quizzen eller quiz’en eller kva?

Svar

Quiz skal bøyast som eit vanleg hankjønnsord. Du kan gjerne skrive kviss i staden.

På nynorsk er bøyinga av quiz slik:

(ein) quiz − (denne) quizen − (fleire) quizar − (alle) quizane

På bokmål er bøyinga slik:

(en) quiz − (denne) quizen − (flere) quizer − (alle) quizene

I 2015 gjorde Språkrådet vedtak om skrivemåten kviss som alternativ til quiz. Om du vel kviss, kjem du neppe i tvil om korleis du skal skrive ordet i bøygde former.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:17.04.2024