Radarpar

Kva er bakgrunnen for ordet radarpar?

Svar

Midt i sekstiåra vart dette ordet teke i bruk i svensk sportsjournalistikk for å karakterisere to personar som er svært samkøyrde. Seinare har det òg vore mykje brukt om tilsvarande par i underhaldningsbransjen. 

Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner forklarer det slik:

radarpar (fam.) to spillere som opererer svært godt sammen (eg. som om de ble dirigert av radar) // to personer som (samarbeider godt og) gjør seg bemerket som ‘parhester’

Tanken er altså at to personar så å seie er radarstyrte. Dette er ikkje heilt sjølvforklarande, for det seier ikkje noko om par-aspektet. Ein kunne jo tenkt seg at det handla om det fenomenet at to ting som er veldig nære kvarandre, syner seg som eitt ekko på radarskjermen, men det er ikkje noko som peikar mot at det er opphavet. 

I svenske ordbøker er ordet derimot forklart med at personane kommuniserer slik at andre ikkje ser eller høyrer det – telepatisk – som om dei nytta radarsignal. I bladet Språknytt 1/1976 er det lagt vekt på at ein radar er eit peileinstrument, og eit radarpar er såleis ‘to personar som lett peiler hverandre inn, som har lett for å spille sammen’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.02.2022 | Oppdatert:29.05.2024