Ris bak spegelen

Kvifor kallar ein eit skjult trugsmål for riset bak spegelen?

Svar

Det er fordi riset er ein kjend straffereiskap som det har vore vanleg å lagra attom spegelen, i alle fall i visse krinsar i Danmark. Sjå Ordbog over det danske Sprog under spejl 1.1:

(især tidligere) om pladsen over ell. bag ved spejlet (i stuen) som opbevaringssted for forsk. brugsgenstande.

Riset (til kosting eller rising) var altså ein av dei bruksgjenstandane som kunne finnast bak spegelen. Eit gammalt døme finn vi hjå H.C. Andersen (sjå nedst på s. 227). 

I dansk-norsk er riset bag spejlet / riset bak speilet eit gammalt ordlag, medan riset bak spegelen (gjerne uttalt /speielen/) dukkar seinare opp i landsmål/nynorsk. Det seier kanskje noko om interiøret og den økonomiske evna i gamle dagar. Det vanka sikkert ikkje mindre ris i Noreg, men det var lenger mellom speglane på bygda.

Riset var helst av bjørk, og særleg i dansk har ein tala om birkedommeren (bag spejlet) eller birkefogden (bjørkefuten). Han er òg nemnd i det norske folkeeventyret Dumme menn og troll til kjerringer.
 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.04.2024