Risikoar eller risiki?

Kva er den korrekte fleirtalsforma av ordet risiko? Eg ser at dei i nokre fagbøker om risikostyring bruker risiki.

Svar

Risiko har regelrett hankjønnsbøying, risikoar, risikoane på nynorsk og risikoer, risikoene på bokmål, jf. rettskrivingsordbøkene

Det har vore den vanlege forma i over hundre år, sjå til dømes i Om Christiania Husforsikring (1866). Norsk Riksmålsordbok førte opp risikoer som den einaste fleirtalsforma i 1947.

Forma risiki, med endinga -i som i italiensk, er altså ikkje korrekt etter norsk rettskriving. På dansk kan det heite risici.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024