Skipet kom i drift

I artiklar om båtar eller skip som får motorstopp og har vanskar på sjøen, heiter det ofte at skipet er i drift eller kom i drift. Men er ikkje dette formuleringar som er lette å misforstå? At noko er i drift, tyder jo elles at alt er i orden.

Svar

Ja, vi har to ulike tydingar av ordet drift:

1 drift om det å drive, reke: rørsle på grunn av straum eller vind

2 drift om det å bli driven, gå: verksemd, aktivitet; funksjon, gang, bruk

Den siste tydinga er relevant for anlegg, fabrikkar, it-system osv. Når dei er i drift, er alt i orden. Skip kan òg vere i drift på denne måten, t.d. om dei går i ei rute som nokon driv (som i «hurtigruteskipet Polarlys var sett inn i drift …»). Når eit skip er i drift eller på rek i den andre tydinga, driv det for vêr og vind fordi maskinen har stogga.

Tydingane av i drift kan nok stå i teoretisk motsetnad til kvarandre til sjøs. Men som regel vil samanhengen gjere det klårt kva for tyding vi har føre oss.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024