Slaraffenland

Kva tyder slaraffen i ordet slaraffenland?

Svar

Slaraffen- kjem frå tysk Schlaraffe ‘lathans, dagdrivar’ (opphavleg ‘lat ape’).

I norsk bruker vi dette berre i samansetningar, særleg i slaraffenland og slaraffenliv. På tysk er Schlaraffenland nemning på eit fiktivt lykkeland der folk får alt dei vil, utan å arbeide. Førestillinga om dette landet oppstod truleg i mellomalderen, og det er mellom anna kjent frå fleire eventyr. Schlaraffenland tyder altså opphavleg ‘landet til dei late apane’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024