Stinn brakke

I dag stod det i avisa at det blir «stinn brakk» på fotballkampen mellom Noreg og Tyskland. Men heiter det ikkje «stinn brakke»? 

 

Svar

Jo, det heiter stinn brakke, som er ein humoristisk vri på fullt hus.

«Ei brakk» gir meining i dialektar med apokope (der det òg heiter «ei bøtt» osv.), altså nord for Dovre, men finst kanskje somme andre stader òg. I skrift heiter det i alle tilfelle ei brakke, og på nynorsk i tillegg ein barakke, som var vanlegare før. Ordet har vi via tysk og fransk frå italiensk baracca, som har tydd ‘fjølbu, telt for soldatar’. Bokmålsordboka definerer det slik: ‘provisorisk, oftest enetasjes, trebygning til midlertidig innlosjering av soldater, arbeidsmannskap eller lignende’.

Ganske meiningslaust verkar «stin brakke», som vi òg finn på nettet. Kanskje er det nokon som berre har lese ordet i inkjekjønn og tolka stint som stin med lang i + t?

Stinn om stappfull, tjukk og stiv er eldgammalt i norsk, og stint av folk er heller ikkje nytt. Stinn (‘tjukk’) luft er òg gammalt. Det har dessutan lenge vore mogleg å vere stinn av gryn i både bokstavleg tyding og metaforisk (= ‘rik’), men det har mindre med saka å gjere.

Stinn brakke er Oslo-slang på sitt mest originale og kreative. Uttrykket er særleg brukt om smekkfulle konsertlokale. Det dukkar ikkje opp i allment tilgjengelege skriftlege kjelder før i 1982, men det var i vanleg bruk i musikarmiljøet i Oslo gjennom heile 1970-talet. Det kan sannsynlegvis tilskrivast jazzpianisten Øistein Ringstad, som i alle fall ganske sikkert nytta uttrykket frå scena på Down Town Key Club i Oslo allereie i andre halvdel av 1960-åra. Vi takkar Per Husby, Bjørg Eriksen og Carl Petter Opsahl for desse opplysningane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.01.2018 | Oppdatert:18.04.2024