Streaming = strøyming eller strauming?

På bokmål er saka grei: to stream = å strømme, og streaming = strømming. Men heiter det å strøyme eller å straume på nynorsk?

Svar

I denne tydinga tilrår vi e-verbet

å strøyme – strøymer – strøymde – har strøymt

framfor a-verbet

å straume – straumar – strauma – har strauma.

Berre spesielt interesserte bør lese teksten nedanfor. Vi har gjort nokre pedagogiske uthevingar.

Parverb i norsk

I norsk har vi ein del parverb, det vil oftast seia eit sterkt verb (døme: flyte – flaut) på den eine sida og eit svakt e-verb med såkalla omlyd på den andre sida (døme: fløyte – fløytte). Omlyd er eit eldgammalt fenomen med overgang frå au til øy i rota (som her) eller ein av desse overgangane: u til y, o til ø, a til e, å til æ.

Hovudmønsteret ved parverb er at det svake verbet er transitivt (det vil seie at det tek objekt), og at det dessutan er kausativt (det vil seie at det tyder 'å få noko til å skje', nærmare bestemt det det sterke parverbet viser til). Fløyte er altså eit transitivt (og kausativt) verb.

Kva er problemet?

Både strøyme og straume bryt med hovudmønsteret. Begge har i utgangspunktet intransitiv tyding utan å vere sterke verb. Kva av dei to høver då best som transitivt verb (som i to stream something)? 

Problemet med strøyme er at det er intransitivt frå før: Noko strøymer jo av seg sjølv, det strøymer ikkje noko (eit objekt). Transitiv strøyming er altså ikkje berre ei teknologisk nyvinning, men noko grammatisk uvant.

Problemet med straume (ei direkte ny avleiing av straum), er at det ikkje har omlyd (au til øy), og at det har a-bøying. Hovudmønsteret er jo at transitive parverb har omlyd og e-bøying. Men merk at dette mønsteret gjer seg gjeldande når det intransitive verbet er sterkt.

Konklusjon: Begge verba og bøyingsmåtane kolliderer meir eller mindre med innarbeidde mønster, men ingen blir totalskadde av det. Vi tilrår det som trass alt er vanlegast av dei to, og som såleis sklir mest umerkande inn i målet elles:

strøyme – strøymer – strøymde.

Somme har teke i bruk hybriden strøyme – strøymar – strøyma (vel etter mønster av bokmål strømmet/strømma), men den gjer alt endå meir innfløkt, med ein kombinasjon av omlyd og a-ending. 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.08.2020 | Oppdatert:19.04.2024